Uteksti er eit lite forlag starta av Stein og Ånond Versto i 2019. Tonen frå heimlandet, boka om Smedal-spelemennene, er fyrste publikasjon. Ordet uteksti er eit uttrykk henta frå Draumkvedet og blir til vanleg omsett med 'bortrykt', 'i ekstase'.

Fysste eg var i uteksti,
eg fór ivi tynnyr-mog;
sund'e gjekk mi skarlakskåpe,
og neglan' av kvòr min fot.

For månen skin'e,
og vegjine falle så vide.

Så var eg meg i uteksti
igjenom den tynnyr-ring:
sund'e gjekk mi skarlakskåpe
og neglan' av kvòr min fing.

For månen skin'e,
og vegjine falle så vide.